Traditional
Eg veit i himmerik ei borg
[Kristenfolket]
Eg veit i himmerik ei borg
Ho skin som soli klaare
Der er ei synder eller sorg
Der er ei graat og taare
Der inne bur Guds eigen Son
I herlegdom og æra
Han er mi trøyst og trygge von
Hjaa honom eg skal vera
Eg er ein fatig ferdamann
Maa mine vegar fara
Herfraa og til mitt fedraland
Gud meg paa vegen vara
[Kristus]
Eg med mitt blod deg dyrt hev løyst
Og fram for deg vil treda
Eg giv ditt hjarta mod og trøyst
Og vender sorg til gleda
Er du meg tru og bruka vil
Guds ord og sakramente
Di synd er gløymd, di sorg vert still
Di heimferd glad du vente
Naar verdi all som drivesand
Med gull og gleda viker
Daa stend eg ved di høgre hand
Ein ven som aldri sviker
[Kristenfolket]
Eg fatig hit til verdi kom
Og rann av ringe røter
Fer herifraa med handi tom
Og daudens vald meg møter
Men visst eg veit ein morgon renn
Daa daudens natt skal enda
Min likam upp or gravi stend
Og evig frygd fær kjenna
So hjelp oss du vaar Herre Krist
Ditt blod for oss hev runne
Din bitre daude sant og visst
Oss himmerik hev vunne
Me takkar deg til evig tid
Vaar Herre, alle samen
For du er oss so mild og blid
I Jesus Kristus, amen